Hyttene våre

Fretheim Fjordhytter er fire hytter i fjordkanten i Flåm, innerst i Aurlandsfjorden – ein arm av Sognefjorden. Hyttene er lokalisert 500m frå Flåm stasjon og hamn. Avstand til lokal matvarebutikk, bakeri og restaurantar 500m, privat parkering 50m.

Til disposisjon for kvar hytte står båt med påhengsmotor, inkludert i prisen.

Fasilitetar

Hyttene har identisk planløysing og kvar hytte har tre soverom med plass for inntil 6 personar. I 1. etg er det open stove/kjøken med ei fantastisk utsikt til fjorden og dei omkransande fjella. Kjøkenet er fullt utstyrt med komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskåp med liten frys og filterkaffitraktar.  Peisomn i stove/kjøken, fyringsved er inkludert. 

1.etasje består av god gang, eit soverom med 160 cm dobbeltseng. Bad med dusj/toalett samt klesvaskemaskin med tørk. Strykebrett og strykejern.

Opp trappa finn me to soverom, eit soverom med ei 180 cm dobbeltseng og eit soverom med to enkle 90 cm senger, samt toalett.

Inkludert ved opphald:

  • Sengetøy og handkle

  • Babyseng/stol ved førespurnad. 

  • Terrasse med utandørs møblar og grill.

  • Satellitt TV og Wifi

  • Kvar hytte har ein robåt med påhengsmotor til disposisjon. Ei enkel fiskeline medfølgjer.

Vennlegst merk at kjæledyr ikkje er tillate.

Prisar

Oppgjevne prisar inkludere bruk av robåt med påhengsmotor.

Oppgjevne prisar er for 2 personar. For fleire enn 2 personar kostar det NOK 750 pr person per dag.

Sluttreingjering NOK 400 for inntil 4 personar. NOK 800,- over 4 personar.

Bruk av robåt med påhengsmotor er inkludert. Drivstoff for motor inkludert. Redningsvestar medfølgjer.

Vennlegst merk minimum 2 netters bestilling.

 
 

Betalingsvilkår

Full betaling 60 dagar før ankomstdato.

90% av kostnad refundert for avbestillingar inntil 30 dagar før ankomstdato.

50% av kostnad refundert for avbestillingar inntil 14 dagar før ankomstdato.

Ingen refusjon for avbestillingar mindre enn 14 dagar før ankomstdato.